Matplan forenkler hverdagen med ukemenyer og handlelister! Klikk her for å komme i gang!
Description:
picture of food
Kyllinglår med tzatziki og gresk salat

Cecilie Sand,06 feb 17

(0)
5
30 min
Kyllingrett med smak av sommar, sol og Hellas.
Ingredienser
8 kyllinglår
olivenolje
2-3 ss timian

3 store tomater
1 agurk
1 raudlauk
1 grøn paprika
1 pakke fetaost
1 ts oregano

3 dl gresk jogurt
2-3 kvitløksfedd
1/2 agurk
1 fingermål salt
1/2 ts dill

10 poteter (eller kokt ris)
1 ts salt
Tilberedning
Legg kyllinglåra i ei langpanne. Pensle dei med olivenolje, og krydre med timian. Steik dei på 180 grader i ca. 50 minutt.

Potetbåter:
Skrell potetene, og skjær dei i båtar (8 båtar per potet). Legg desse i ei smurt langpanne, og krydre med salt og evt. timian eller oregano. Sett inn i ovnen saman med kyllingen, og følg med undervegs. Potetbåtane smakar best når dei er sprø, men ikkje svarte. Steiketid varierer med ovn. Eg starter gjerne med å ha potetbrettet nederst, og flytter det øverst etter 15 minutt. Potetene tar kanskje 20-40 minutt, alt etter kor sprø du likar dei, og kor store potetene du kutta, er. Det går også an å ta ein quick fix og gå for halvfabrikat frå butikken (pommes frites eller potetbåtar med krydder).

Gresk salat:
Skyll alle grønnsaker. Skrell agurken, og del i tynne skiver. Skjær paprikaen i ringer. Del tomatane i skiver eller båter. Skrell raudlauken og skjær han i ringar. Bland grønsakene. Skjær fetaosten i 1 cm tjukke skiver på toppen. Hell litt olivenolje over, og dryss litt oregano på toppen.

Tzatziki:
Skrell ein halv agurk, og rasp denne oppå eit kjøkkenpapir. Legg gjerne eit kjøkkenpapir oppå den raspa agurken etterpå, og la væska frå agurken trekke ut. Dryss litt salt over, så går prosessen raskare. Skrell og press 2-3 kvitløksfedd og bland oppi 3 dl gresk jogurt. Ha i den raspa agurken, og litt dill. Sett i kjøleskap til resten av ferdig. Dess lengre tzatzikien får stå kjølig, dess meir smak blir det.


Tips: la grønnsakene ligge på kjøkkenbenken nokre timar, så smaker salaten mest. Tomatane er best når dei er heilt raude; dess raudare farge, dess meir smak.